Seljord nominert til pris for beste attraktive stad

Fleire hundre stader er foreslått. Dei som er med i finalerunden er Ulsteinvik, Levanger, Bleik, Asker, Seljord, Namsos og Nordfjordeid. Desse sju stadene er plukka ut av 238.
Dei utvalde stadene i Noreg skal få besøk av ein jury før kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete offentleggjer vinnaren 21. mai. Dei sju finalistane er plukka ut frå ei liste med heile 238 stader.

Den nye og årlege kåringa skal heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktivt stad å bu. Kåringa skal inspirere andre til innsats.
Sjå link:
http://www.regjeringen.no/nn/dep/krd/pressesenter/pressemeldinger/2012/finalerunde-i-statens-pris-for-attraktiv.html?id=678401

Sjå også desse linkane:
http://www.varden.no/nyheter/er-dette-noregs-beste-stad-1.7180131
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.8073052

Åpning av Telemarks nye landemerke

Tysdag 18. oktober 2011 kl. 16.00, Seljord og sogene

Sjøormtårnet i Seljord opnar 18. oktober kl. 16.00 på Bjørgeøyan. Få med deg haustens spektakulære hending. Offisiell opning ved statsråd Liv Signe Navarsete. Fylkesordføraren, Ordføraren i Seljord, Lugar Olav, Telemark messingkvintett og NiLiv kjem. Kom du au!

Telemarks nye landemerke

  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — foto: Skorve
  • 29.08.2011
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve
  • 29.08.2011 — foto: Skorve
  • 29.08.2011 — Foto: Skorve

Skulpturelle Kikkeskåp i Sogelandskapet -

Åtte skulpturelle ”kikkeskåp” i stein skal i løpet av våren/sommaren plasserast ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde segner om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til segnene. Åtte biletkunstnarar er igang med å forme sine tolkingar av desse segnene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Guro Heddeli, Tårån i tróppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten, Skuldalsbruri.
Kunstnarane er: Gunnar Torvund, Kristine Brodersen, Ingrid Lene Langedok, Knut Hølje Odden, Trygve Barstad, Ellen Grøstad Barstad, Torhild Grøstad, Philipp Dommen.

Sara Telnes Fjågesund, Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen har spela inn slåttane som du kan høyre via mobiltelefonen din.
Du vil finne 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord.

Torhild Grøstad og Philipp Dommen er ansvarlege for gjennomføringa.
Foto: Dag Jenssen

Er dette sjøormen?

Foto:Even Birkeland, SENSAIR AS

Vest-Telemark Blad fortel i sin laurdagsavis 4. des. at Even Birkeland og Eddy Dale på eit helikopteroppdrag over Seljord i november blei merksame på noko uvanleg i Seljordsvatnet. Birkeland og Dale i Sensair as arbeider dagleg med dokumentasjon frå luftrommet, både med linjeinspeksjon, foto, film og miljøovervaking. Firmaet har 20 års erfaring frå lufta. Den siste tida har dei arbeidd på oppdrag frå Vest-Telemark kraftlag med å inspisere linjenettet til kraftleverandøren. Det var under dette oppdraget at Even Birkeland og Eddy Dale (11. november) såg to store objekt i Seljordsvatnet. Medan dei flaug i helikopter i lufta over Seljordsvatnet blei Eddy Dale merksam på noko som bevega seg i vatnet under dei; noko stort som flytta mykje vatn, seier Dale. Birkeland og Dale fekk tatt bilete av ulike bølgjeformasjonar og skuggar som viser objekt i fart (8 -10 knop), og som skifta retning då helikopteret nærma seg, før det sank ned. Bileta under viser framenden med rund baugbøge (ca 4 – 6 meter framfor objektet) og markert v-forma bølgje bakanfor denne. Bileta er tatt med høgopplausleg kamera og gyrostabilisert optikk, samt med eksakt GPS-posisjonering.

Les oppslag i:
VG
Varden
TA
Vest-Telemark Blad

Opning av Saunaen ved Seljordsvatnet

Så blei Saunaen i Seljord endeleg innvia! Detta fungerar som bare det! Heit, vakker og forfriskande landskapsoppleving!

Saunaen er ein av dei tre kunstinstallasjonane som vart bygd rundt Seljordsvatnet hausten 2009 som del av workshopen “Into the landscape”. Kvar av stadane har fått sin funksjon, og her i Vebekkdalen vart det altså ein sauna med vakkert utsyn over vatnet.

Representantar for Telemark fylkeskommune, Seljord kommune, Rintala Eggertson arkitektar, Springer kulturstudio, Feste landskapsarkitektar, Møtestad Seljord, Seljord Personal, grunneigar og presse var til stades under den friske og livlege opninga. Dette har blitt ein stad med eit vakkert “innramma” utsyn over Seljordsvatnet. Vi håpar det skal bli ein sosial møteplass for både seljordingar og tilreisande, der oppleving av landskapet går hand i hand med den totale saunaopplevinga.

Les artikkel i TA her:
http://www.ta.no/pulsen/article5355772.ece

(foto 1 og 2: Dag Jenssen)

40 filmar om Seljord klare

Etter ei vekes jobbing er det 40 filmar klare til premiere fredag 22. oktober kl. 11.00 på Granvin.

54 elevar lagar film om Seljord

I eit samamrbeid med Jazzmontørene har i dag 54 elevar starta på ein prosess der målet er å lage ein film. Både elevar frå 2. klasse media og 8. klasse ved Seljord ungdomskule har jobba intenst for å koma fram til ein ide og eit manus som i morgon skal bli film. I dag har me jobba på Granvin, mens i morgo skal me ut for å ta opp lyd, ta bilete og jobbe med redigering.

Sogemobilen i Seljord: 35197623

Vil de høyre nokre av dei kjende sogene frå Seljord eller forteljingar om sjøormen medan de er på tur i Seljord sentrum eller ute i landskapet rundt Seljordsvatnet? Ring den nye sogemobilen på tlf. 35197623! Sogemobilen er del av skilting- og formidlingsprosjektet i Seljord og sogene. Ordninga er under utprøving og vil arbeidast vidare med utover hausten.

Velkommen til Sogemobilen i Seljord

Du får nå to valg.

Vil du høyre Soger frå Seljord tast 1
Vil du høyre Sjøormhistoriar tast 2

Under Tast 1:

Du kan nå velge mellom 6 soger frå Seljord
eller tast 0 for å gå tilbake til menyen

Vil du høyre om:

Sterke-Nils tast 1
Skåne Bringsås – som bygde kyrkja for Kong Olav tast 2
Guro Heddeli tast 3
Hølje Gonge tast 4
Dyrskun tast 5
Guro Lomodden tast 6

For å gå tilbake til menyen tast 0

Under Tast 2:

Du kan nå velge mellom 6 spennande Sjøormenhistoriar
eller tast 0 for å gå tilbake til menyen

Vil du høyre:

Frode Flatland tast 1
Stig Ellingsen tast 2
Solveig Sundbø Abrahamsen tast 3
Kjersti Eiesland tast 4
Solveig Fallander tast 5
Carl Tidemann Øygarden tast 6

For å gå tilbake til menyen tast 0

Seljord og sogene

Følgt av 30 medlemmar.

Sone knyttet til bygdeutviklingsprosjektet Seljord og Sogene. Meir om sona

Origo Seljord og sogene er ei sone på Origo. Les meir

Kalender

Nye bilete

Sjøormforum

Gå til Sjøormforum

Nye bilder